3. mars 2016

Lars Erik har laga P3-dokumentar

– No har eg laga min første P3-dokumetar, seier Lars Erik Haukedal Andreassen. Han gjekk på kull 15 i 2011. Lars Erik har vore vikar i ulike redaksjonar på Tyholt, etter at han hadde praksis i P3. No les han til eksamen på bachelorstudiet i film- og videoproduksjon ved NTNU, samstundes som han har laga radiodokumentaren.

– I dokumentaren følgjer vi Shirin på 17 år gjennom ei utgreiing for ein autismespekterdiagnose. Eg møtte ho første gong i desember og har følgt ho fram til ho fekk svaret i byrjinga av februar, seier Lars Erik Haukedal Andreassen. Les og høyr dokumentaren.