18. mars 2016

Ettermiddag med Ronny

Sidan Ronny Brede Aase likevel skal heim til Førde i påska, passar det fint å kombinere det med å møte ivrige journalistspirer i NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter. Måndag ettermiddag kjem programleiaren i P3-morgen for blant anna å snakke om korleis han brukar dialekt og nynorsk i jobben sin.

Han byrja som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane då han var 19 år, for å vere nettjournalist, men arbeidde med både nett, radio og fjernsyn. Same hausten byrja han NRK P3. Ronny Brede Aase har klart å skape sin heilt eigen signatur, og i 2009 fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.