28. mars 2017

Leiar i Kringkastingsringen

Guro Kvalnes er ny leiar i Kringkastingsringen etter årsmøte 27. mars. – Det er viktig at alle får sjå språket sitt i media, også nynorskbrukarar. Me vil halde fram med å arbeide for at nynorsk skal få ein rettkomen plass i media, seier den nyvalde leiaren i Kringkastingsringen.

I styret for Kringkastingsringen er elles desse med: Kristofer Olai Ravn Stavseng, frå Stordal, Hans-Olav Rise, frå Ulsteinvik, Marit Heier Lajord, frå Vang i Valdres, og Vegard T. Foseide, frå Fræna. Kvalnes tok over leiarjobben etter Foseide.

Guro Kvalnes (25) er frå Ullensvang i Hardanger. Både Kvalnes og styremedlemmene Rise og Foseide har vore nynorskpraktikantar i NRK Nynorsk mediesenter. Kvalnes hadde praksis i Kulturnytt, i NRK P2, og arbeidde der ei tid etterpå. Ho har master i litteraturformidling frå Universitetet i Oslo, og arbeider som arrangementsansvarleg ved Kongsberg bibliotek og som marknadskonsulent i Det Norske Samlaget.

Møte om språkopplæring

Torsdag 27. april skal Kringkastingsringen ha eit ope møte på Litteraturhuset i Oslo, kl.18.30. Der skal dei sette søkjelyset på språkopplæringa ved dei ulike journalistutdanningane. Den nye handlingsplanen for nynorsk i NRK vert óg presentert på dette møte. Leiinga i NRK skal vedta den dagen før.

Kringkastingsringen er ein medlemsorganisasjon som arbeider for at nynorsk, samisk og norske dialektar skal få ein rettkomen plass i media. Både at lesarane skal få sjå språket sitt, og at journalistane skal få bruke språket sitt. Kringkastingsringen vart skipa i 1955, og har sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen. Siste prisvinnar er Arill Rise i TV 2.