4. april 2019

Lengre vikariat i Nationen

Line Omland Eilevstjønn er frå 4. juni tilsett i eit lengre vikariat i avisa Nationen. Eilevstjønn var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/16. Dei siste åra har ho jobba i Vest-Telemark Blad. Eilevstjønn kjem frå Vinje i Telemark og får no jobb i redaksjonen som vert styrt av ein sambygding som i tillegg også har vore nynorskpraktikant. Svein Ove Hansli er nyhenderedaktør i Nationen og gjekk på det fyrste kullet på Nynorsk mediesenter.

– Me er stolte og glade over at vi får fleire dyktige nynorskbrukarar inn i redaksjonen. For ei avis som Nationen som er opptekne av distrikta og har lesarar over heile landet er det viktig at vi også speglar det språklege mangfaldet vi har i landet vårt, seier Svein Ove Hansli.

Nationen har i tillegg tilsett Jon-Fredrik Klausen i fast jobb. Andrea Sofie Aasvang, Kari Nygard Tvilde og Oddvar Sagbakken Saanum er nye vikarar.

Hansli seier han er stolt over at Nationen ser ut til å vere ein attraktiv redaksjon å jobbe i:
– Nationen har hatt veldig god respons på dei utlyste stillingane og dei vi har tilsett er dyktige folk som vi gleder oss veldig til å få på laget. I søknadsbunken var det mange særs gode søkjarar og det var rett og slett ei glede å ha så mange flinke kandidatar inne til intervju. Vi får inn journalistar med både erfaring, kompetanse og interessse for vår nisje. Som alle andre redaksjonar vektlegg vi digital kompetanse når vi tek inn nye folk. Dei vi har tilsett no er moderne journalistar som vil vere med å styrke Nationen på alle plattformer.