https://nynorskmediesenter.no/Jobben min: NRK Dagsnytt
24. juni 2019

Lettare å snakke om språk i NRK

– Det har blitt lettare og kjekkare å snakke om språk i NRK. Tonen har blitt betre, vi er kjekkare med kvarandre. Då eg byrja i NRK tykte eg ofte at språkdiskusjonane var ubehagelege og krasse. Det verka viktigare å syne kor god ein var sjølv, framfor å hjelpe andre. No er vi meir eit lag med eit sams ansvar for godt språk, seier den fyrste språksjefen i NRK, Ragnhild Bjørge, som no sluttar for å bli redaksjonssjef i nettavisa Khrono, med base i Bergen.

Ragnhild Bjørge vedgår at det er litt synd å slutte no når NRK, etter snart 50 år med krav om minst 25 prosent nynorsk, er nærmare enn nokon gong til å nå målet samla sett. – Ved utgangen av mai var vi på rette sida av 25 prosent, men det gjeld å halde trykket oppe, for å nå målet både i år og komande år, seier Bjørge. Ho gler seg over at kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen på Dei nynorske festspela nyleg sa at NRK må jobbe med dette kvart år, slik at det blir varig. – Det har mykje å seie at kringkastingssjefen er så tydeleg og krev handling, og at han gjev leiarane på alle nivå ansvar for språket i NRK, seier Bjørge.

Strategisk arbeid

Ho har lagt stor vekt på det strategiske arbeidet som språksjef. Då ho byrja i 2013 flaut språkarbeidet rundt litt her og der. For sjølv om det alltid har vore språkengasjerte folk i NRK, så var det ingen med eit samla ansvar som kunne ta tak. Saman med språkstyret la ho vekt på å få til retningslinjer for dialektbruk, løfta språkkontaktane, reviderte den fleirkulturelle ordlista, laga retningsliner for bruk av banning, ordliste for ulike funksjonshemmingar og ein handlingsplan for nynorsk. Det vart oppretta ei opa nettside sprak.nrk.no, der NRK prøver å invitere folk utanfrå inn i språkarbeidet vårt, og det kom til eigne språksider på intranettet i NRK. Ho understrekar at delar av dette har vore gjennomført av vikarane hennar, Erik Bolstad og Ingvild Bryn, i to foreldrepermisjonar i 2014 og 2017/18.

– Korleis har det vore å vere språksjef i NRK?

– Det har vore interessant og lærerikt. Det var eit enormt lerret å ta tak i når eg skulle få på plass ei ny stilling. Eg måtte prioritere hardt kva eg skulle gjere fyrst. Som språksjef skal du ha kontakt med alt frå sommarvikarane til toppleiinga, og jobbar med alt frå uttale av einskildord til store strategiar.

– Men også einsamt?

– Ja, eg må vel vedgå det til tider. Språksjefen har ikkje nokon stab rundt seg, heller ikkje noko miljø. Språkkontaktane og språkstyret arbeider andre stader og du er heller ikkje del av ei leiargruppe, slik redaktørane er. Samstundes har det vore så mykje å gjere at eg ikkje veit om det hadde gått om eg skulle har vore med på så mange fleire møte. Men når stillinga er ny er det lett å bli gløymd. Eg har mange gonger oppdaga for seint saker eg burde ha vore inne i, men ikkje visste om, fordi ingen tenkte på at språksjefen fanst.

– Kva er den språklege utfordringa for NRK framover?

– Det er å halde på den høge kvaliteten. Rett og godt språk er utfordrande når ein må arbeide fort. Det er lettare å gjere feil og det er færre kontrolledd. Vi druknar lettare i tungt og vanskeleg kjeldespråk og dårlege formuleringar. Og så trur eg NRK må bli meir opptekne av å bruke norsk enn vi er i dag.

Det normerte språket trengst òg

– Det normerte språket har fått mindre plass i NRK, på godt og vondt. NRK har gjort mykje godt for dialektane i Noreg og det har vi grunn til å vere stolte av. Men det normerte språket må vera med oss vidare, både på nynorsk og bokmål. For dei som skal lære seg norsk – både som hovudmål, sidemål og framandspråk, er det viktig å høyre det skriftlege språket i bruk. Det er viktig å kunne høyre og få lese rett språk, det gjer det lettare for alle, både for dei som ikkje er vaksne opp her i landet, og for alle oss andre, å skrive rett. Det normerte språket gjev ei rettesnor som vi treng alle.

– Korleis er haldningane til nynorsk i NRK?

– Eg opplever dei som meir positive no enn for fire år sidan. Vi undersøkte haldningane internt både i 2016 og i 2019, og svara viser at dei tilsette meiner at både dei sjølve og redaksjonen dei arbeider i er meir positive til nynorsk i dag enn det dei var for nokre år sidan. Den endringa ser vi òg i samfunnet elles, vi får berre håpe at det varer ved.

– Siste halvåret har du vekependla frå Bergen til Oslo for å vere språksjef, sidan det er bestemt at den stillinga ligg der. Korleis har det vore?

– Det har unekteleg vore travelt med to små born, men fagleg synst eg det har fungert. Det har tilført arbeidet mitt ein del også. På Marienlyst er det lett å bli fanga av nyheitsbobla, og å forsvinna litt i det store systemet. Dei dagane eg har arbeidd ved distriktskontoret i Bergen, har eg fått med meg dk-perspektivet som òg er viktig i denne jobben. Det har gjort det lettare å sjå heile NRK.

Ragnhild Bjørge (42) har ein master i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda, og ho har studert juss og statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho var nynorskpraktikant i NRK Nynorsk mediesenter i 2007 og har arbeidd i NRK sidan. Seks år i Dagsnytt og seks år som språksjef. No er ho tilsett i ei nyoppretta stilling som redaksjonssjef i nettavisa Khrono, i redaksjonen i Bergen. Khrono skal drive kritisk journalistikk om alt som har med høgare utdanning å gjere. Som redaksjonssjef vert Bjørge ein del av leiinga i Khrono.

– Det blir ein stor overgang å gå frå ein svær organisasjon som NRK til ein liten som Khrono. Eg gler meg til å arbeide med ein liten gjeng med store ambisjonar, der det er lett å prøve ut idear og få til noko, seier Ragnhild Bjørge.