12. desember 2018

Nynorsk i VG

Espen Breivik har skrive 13 saker på nynorsk i VG. Han let seg ikkje stoppe av nedlatande kommentarar om «grautmål» og «hipstermål». Det lever han godt med.

– Etter at VG og sjefredaktør Gard Steiro i fjor opna opp for redaksjonelt innhald på nynorsk, har det vore naturleg for meg å bruke mitt eige hovudmål i nokre av sakene eg skriv for avisa. For meg er det heilt logisk at ei nasjonal, folkeleg avis som VG brukar det skriftspråket som om lag 600.000 nordmenn brukar som sitt første skriftmål, seier Espen Breivik.

– Først og fremst journalistikken som er viktig

Sunnmøringen var praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i 2017, og han var vikar i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende fram til april 2018. No er han vikar i VG, der han fram til no har fått publisert 13 nettsaker på nynorsk. Dei fleste har vore om rikspolitikk. Mellom anna har Breivik skrive om VG si desembermåling der Venstre kom under sperregrensa. Minst fem av sakene har vore på trykk i papiravisa – som tradisjonelt har vore utelukkande på bokmål.

– For meg er det først og fremst journalistikken som er viktig, men eg har heile tida ønskt å bidra til meir nynorsk i avisa. I nokre saker er det heilt naturleg å bruke nynorsk. For eksempel ser det dumt ut å sitere Liv Signe Navarsete eller landbruksminister Jon Georg Dale på bokmål. Når vi omtalar KrF sine fylkesårsmøter i Rogaland eller Telemark, meiner eg også at nynorsk er på sin plass. Samstundes er nynorskbrukarar like opptekne av nyhende som alle andre, og difor meiner eg det ikkje finst avgrensingar, seier 26-åringen.

Ikkje radikalt – men oppmjuking

«Endeleg kan «verdas tyngste kvinne» smila igjen», melde VG Nett 10. mars. Det skal ha vore den første vanlege nyhendesaka på nynorsk i VG sidan starten i 1945.

– VG har som ambisjon å vere ei nyhendeavis for heile landet. Då må det òg vere rom for nynorsk i nyhendejournalistikken, sa ansvarleg redaktør Gard Steiro til framtida.no.

Han understreka at det ikkje var snakk om noka radikal omleggjing i VG – men at han ville ha ei oppmjuking av reglane i avisa. Det har resultert i fleire nyhendesaker på nynorsk, signert mellom andre Frank Ertesvåg, Jostein Matre og Espen Breivik.

– Eg har tillit til at reporterane våre vel rett målform etter kva sak det er snakk om. Dei skal tenkje «kva tener lesarane av denne saka best?». For det skal vere mest bokmål i VG, men eg trur moderne nordmenn handterer begge målformene – og nokre saker blir faktisk betre på nynorsk. Det handlar om kva saka er om, kvar ho er frå og kven som er kjelde, utdjupar Steiro.

– Då må reporterane kunne meistre begge målformene, og Espen er ein av dei. Han er ein dyktig politisk journalist, som har gjort ein god jobb for oss i haust, legg han til.

Vil bidra til meir nynorsk i VG

Redaktøren viser til at VG har fått svært få negative reaksjonar på nynorsk i spaltene deira. Sjølv opplever Espen Breivik at mange i VG er positive til den nye praksisen. Heller ikkje han har fått særleg negative reaksjonar frå lesarane.

– Det er alltid nokon som meiner det ikkje høyrer heime i «det tabloide» VG, men meiningane er stort sett positive og profesjonelle. Frå lesarar har eg fått overraskande mange positive tilbakemeldingar. Til saman har eg fått mellom 15 og 20 meldingar frå lesarar som heiar fram meir nynorsk i VG. Eg har fått éi negativ tilbakemelding på e-post og nokre reaksjonar i kommentarfeltet. Mellom anna kalla éin det for «grautmål» og «hipstermål», men det lever eg godt med, seier 26-åringen.

– Kva strategi har du framover?

– Eg ønskjer å halde fram med å bruke nynorsk i VG i saker der det er naturleg, og bidra til å få opp prosenten i Noregs mest leste avis. Eg håpar vi som brukar nynorsk i avisa, i ulike avdelingar, kan arbeide for dette saman. Eg synest vi som brukar nynorsk i VG har «backa» kvarandre opp, som det heiter på godt nynorsk, seier Breivik med glimt i auget.