https://www.nynorskmediesenter.no/Livet er eit energispørsmål!
3. april 2012

Livet er eit energispørsmål!

Ingunn Solheim var på vitjing ved NRK Nynorsk mediesenter for å prate om journalistlivet, og kva ein kan gjere for å utmerke seg som ny i ein redaksjon.

Ver ein engasjert kollega!

Som tidlegare nynorskpraktikant, og med ein variert journalistisk bakgrunn, kunne NRK-journalisten lære nynorskpraktikantane mykje. Denne veka vitja Ingunn Solheim journalistspirene i Førde. Ho prata mellom anna om det å vere ny i NRK, og korleis ein best kan ta sine sjansar når ein får dei.

Gjer gull ut av gråstein.

Som ny i ein redaksjon vil de måtte oppleve å få tilsynelatande b-saker. Men det er nettopp då de må skilje dykk ut, og vise at de tek alle oppgåver på alvor. Dersom de løyser desse sakene på ein god måte, vil det verte lagt merke til, sa ho.

Solheim gav praktikantane òg ein god idé om kva journalistlivet er – og kva det kan vere.

– De må alltid vere litt «på» som journalist, og det er viktig å finne balansegangen mellom det å vere konstant oppdatert, og det å finne ny energi for å vere motivert til å halde fram. De skal ikkje lese aviser fordi det er ei journalistisk plikt, men fordi det er kjekt.

Raymond Lidal, kull 16