8. februar 2012

Livet held fram her i Førde

Dette innlegget vil ikkje ha eit spesifikt tema. Dimed vert òg tittelen litt diffus. Men dårleg fokus har vore eit gjennomgåande tema til no, så me kan halde på med det litt til. Dei som har fylgt med, veit at i dag er det den 8. februar. Det tyder at eg har vore elev (eg […]

Dette innlegget vil ikkje ha eit spesifikt tema. Dimed vert òg tittelen litt diffus. Men dårleg fokus har vore eit gjennomgåande tema til no, så me kan halde på med det litt til. Dei som har fylgt med, veit at i dag er det den 8. februar. Det tyder at eg har vore elev (eg torer ikkje kalle det noko anna) ved NRK Nynorsk mediesenter i over ein månad. Det tyder i same slengen at det er under ein månad til me skal byrje i praksis i NRK Sogn og Fjordane (same hus, men éin etasje ned). Og det er litt skummelt. Men det er òg spanande. På loftet er me nesten som ei verna verksemd. Når me kjem ned vil det vere noko heilt anna. Litt verna framleis, men då skal alt ein gjer ideelt sett kome på lufta. Så får me berre sjå korleis det skal gå. Til no har me fått særs god opplæring i det meste me treng. Men det går utruleg raskt. Radiokunnskapane har måtte vike for nettpubliseringskunnskapar, og no må Polopoly, pluggar og nettsaker vike litt for TV-opplæringa. Og det er særs artig! Me laga vår fyrste «sak» i går, og det vart ikkje så reint ille som ein kanskje kunne frykte. Eg skal leggje ut saka om nytelsesekspert Ingunn Rauk og dei to morgonfriske karane (!) Wilhelm Støylen og Raymond Lidal så snart som råd. Gled dykk (?). Så vert det Oslo-tur på NRK si rekning. Alltid flott. Reiser om to timar, så dette er sånn om lag det siste eg gjer før avreise. Me skal til Marienlyst og vitje ymse redaksjonar og treffe like ymse NRK-folk. Fyrste dag vert det mykje nyhendefokus (gøy), så skal me til P3, NRK Super og P2 på fredagen. Me får òg helse på tidlegare praktikantar; både folk frå kullet før oss som er ute i praksis no, og tidlegare praktikantar som no er ekte journalistar. Vert gøy å høyre kva erfaringar dei har, og ikkje minst om dei kosar seg som journalistar. Eg gler meg veldig. Me hadde òg eit veldig nyttig og artig besøk av Jan Olav Fretland. SV-ar, og aktiv i ei Jeriko-Lærdal-foreining, så det måtte jo verte bra. Men han prata om nynorsk, og gav oss ei kjapp historieoppsummering og ei like kjapp grammatikkinnføring (me song). Veldig gøy, men eg er usikker på om eg har funne mi indre (nynorske) språksjel enno. Det får kome litt etter kvart. Eg reiser forresten til Oslo som offisiell pressefotograf for NRK Nynorsk mediesenter, så de kan vente dykk eit heidundrande visuelt blogginnlegg neste gong (for i dag var det lite).