6. september 2012

Livet i Førde

  Veke 3 nærmar seg slutten, og det har vore varierte dagar på jobb. Måndag kveld var eg ute på farten igjen, for å dekka ei korøving på Sande i Gaular. Mange blide born, og fin song. Det vart ei skikkelig gladsak, og det har vore ei fryd å klyppa ho i hop. Men verre […]

 44f67238f5f511e192c922000a1cbf2b_744f67238f5f511e192c922000a1cbf2b_7

Veke 3 nærmar seg slutten, og det har vore varierte dagar på jobb. Måndag kveld var eg ute på farten igjen, for å dekka ei korøving på Sande i Gaular. Mange blide born, og fin song. Det vart ei skikkelig gladsak, og det har vore ei fryd å klyppa ho i hop. Men verre har det vore med blokklesinga. Med ei slik koseleg sak, er det viktig å finna ei betre stemme enn den alvorlege nyhendestemma. Rett og slett finna «kose-Jon». Det har resultert i endelause opptak i studio, der eg har vore innom både «krigs-Jon» og «alvorlege-Jon». Og når eg endeleg klarar å høyrast smilande og glad ut, ja då har eg snakka så fort at ingen heng med i svingane.

Så dette er ikkje lett. Satsar på det sit til slutt. Tysdag hadde me kurs i bruk av kjelder. Der har me mellom anna lært kven det er lurt å kontakta i ymse sakar. Me har også lært å søka i postlister. Spennande greier, så no bør ingen kommunar i fylket føla seg for trygge. Eg snusar i postlister kvar dag, på leit etter «snacks». Onsdag var det førelesing om språket i NRK, noko eg tykte var særs interessant.

Elles fortonar livet seg i Førde ganske så roleg. Onsdagar er det quiz på Pikant, ein restaurant/bar som ligg nett over elva. I dag var det raspeballar på menyen der borte, så me stakk innom der i dag også. Vart passe mett! På måndagar spelar eg innebandy saman med dei andre på NRK-huset, og det er veldig kjekt! Høgt tempo og flott spel!

Utelivet i Førde, må eg seia er stusselege greier. Ein laurdagskveld på Tresken, kostar deg først 100 riksdalar i inngang. Då får du enten ein mygla trubadur eller eit ubrukeleg coverband på kjøpet. Men det verkelege sjokket kjem når ein skal bestilla seg ein halvliter. For det første er det 0,4 liter og for det andre kostar den stødige 76 kroner. Men det ser ut til at studentkroa oppe ved sjukehuset har mange gode konsertar i løpet av hausten, så då går eg nok heller der! Me fekk testa kinoen i Førde også, då me gjekk og såg «Kon-Tiki» på sundag. Heilt topp, både kinosal og film, og pluss for fin billettpris!

Neste veka blir det meir radioarbeid!