26. september 2012

Livet på loftet er over

I dag 5. november tek eg til på min 78. dag som nynorskpraktikant i NRK. Og min fråverande aktivitet på bloggen syner at det har vore mykje å gjere og mykje å lære i tida på loftet. Plutseleg over For to veker sidan var tida på det trygge loftet plutseleg over, og ein ny periode […]

I dag 5. november tek eg til på min 78. dag som nynorskpraktikant i NRK. Og min fråverande aktivitet på bloggen syner at det har vore mykje å gjere og mykje å lære i tida på loftet.

Plutseleg over

For to veker sidan var tida på det trygge loftet plutseleg over, og ein ny periode tok til for alle fem. Fram til det hadde vi arbeidd tett med kvarandre kvar dag og nærast vekse saman til ein glad og lukkelege storfamilie. Trygge på kvarandre, men framleis litt usikre på kva som ville hende når vi skulle splitte oss og ta til på arbeidet på desken med dei proffe journalistane.

Men du, eg skal fortelje deg at det har gått over all forventning. Tida flyg og vi får alle vere med å produsere saker for NRK Sogn og Fjordane. Utruleg kjekke og flinke folk er det som arbeider der.

Sidan eg ikkje har vore den mest produktive bloggaren, tek eg alt på ein gong. Ver difor førebudd på eit langt og til tider forvirrande og uforståeleg blogginnlegg.

Radio – limerick og seige praktikantar

Arbeidet med radio var kjekt, og lenge trudde eg at tida som praktikant og journalist berre handla om radio. Det var til tider hardt å ikkje vere eit oppkomme av idear, men saker blei det likevel. Kanskje litt for koselege saker og litt for lite nyhendefokuserte i følgje våre skjønne lærarar, men eg likar det eg.

Eg måtte sjølvsagt lage eit lite vers om det å lage radio. Trur dette er ifrå ein dag då ikkje alt gjekk på smurte skinner for nokon av oss, så inspirasjonen var frustrasjonen på loftet.

TV, Ida og kommentaren

Eit inspirerande vesen og nokre lærerike dagar. Det hadde vi då Ida Dahl Nilsen kom på besøk og lærte oss alt ho kunne om tv-kommentaren.

Elles var vekene med TV utruleg kjekke og vi fekk verkeleg utfordra kreativiteten vår. Vi utvikla til og med vår eigen idrett i ei av øvingssakene.

(Blogginnlegget held fram under biletet)

idaoggjengen

Ida Dahl Nilsen (i midten) er ei tøff og inspirerande dame. Vi har stjerner i augene.

Instrumentet alle bør spele

Eg kan ikkje skrive eit blogginnlegg utan å nemne den gongen vi skulle prøve oss som live-reporterar. Som den mest sære praktikanten, valde eg noko litt uvanleg då eg skulle vere «på lufta» med programleiar Stian. No vart det ikkje sendt på lufta til dei tusen heimar i Sogn og Fjordane, men øvinga var utruleg kjekk.

No skreiv eg eit heilt avsnitt utan å nemne kva eg eigentleg gjorde. Det skal eg sjølvsagt ikkje gløyme her. For å gjere ei kort historie enda kortare: Eg var på besøk hjå ein kar ved namn Gerdfinn Eithun, og han gjorde eit heiderleg forsøk på å lære meg å spele trekkspel. Og eg må nesten nemne at han meinte eg var eit naturtalent.

Bønder i byen

Andeflokken med lærar og andemor Randi i spissen, spreidde vengene og tok seg ein flytur til Oslo i slutten av september.

Eit besøk som gjorde oss alle frelste og overtydde om at vi var i himmelen.Les meir om dette fantastiske besøket her: Marienlyst rundt

Til høgre ser de eit bilete av meg og medpraktikant Marte. Vi svinga oss i NRK sitt kostymelager. La det svinge!

Jon var forøvrig hund og Kjersti kylling.

Møtet med blant anna NRKSuper var supert. Vi fekk vere med Christian (tidlegare praktikant) medan han tok opp ein del av ei radiosending. Kjempemoro. Ingvild Bryn synte fram dagsrevystudioet og Birte i TV-aksjonen hadde kinoframsyning for oss.

Dette vil eg påstå er ei grei oppsumering av ei fantastisk tid på loftet. Vi har hatt mykje flinke folk innom som har lært oss litt av alt. Eg fekk ikkje nemnt alle her, men les nokre av dei andre bloggane eller dei fine artiklane på desse sidene då vel.

Kjem snart innlegg om kvardagen på desken og kva eg har produsert.