29. januar 2015

Magni på besøk til kull 21

Komande veke skal Magni Øvrebotten på rundreise til kull 21 i praksis. Det er den faste runden for å finne ut korleis nynorskpraktikantane har det, korleis dei klarar seg i redaksjonane og kva utsikter dei har til å få halde fram når tida som praktikantar er slutt 1. mars.

Fyrst på programmet står P3-redaksjonen i Oslo, tysdag 3. februar. Der er Tor-Erik Humlen i praksis, med tidlegare nynorskpraktikant – no produsent for P3Morgen – Maria Rivedal som fadder. Onsdag 4. februar er det Sigrid Agnethe Hansen og NRK Troms som står for tur, det er fyrste gongen vi har ein nynorskpraktikant i praksis der.

Torsdag 5. februar NRK Dagsnytt. Der har Hibba Sarmadawy praksis, med tidlegare nynorskpraktikant Eli Bjelland som fadder. Bjelland er både språkkontakt, meldingslesar og produsent i Dagsnytt/Alltid Nyheter. Rivedal og Bjelland var nynorskpraktikantar på det fyrste kullet i 2004/05.

Fredag 6. februar er det Ine Eftestøl og NRK Rogaland som står for tur. Også ho har ein tidlegare nynorskpraktikant som fadder. Mathias Oppedal er både journalist, videojournalist og fotograf. Måndag 9. februar er Øvrebotten attende i Førde, der Elias Engevik har praksis i NRK Sogn og Fjordane.

– Desse turane er også viktige for å sjekke ut om vi er i framkant eller bakkant av utviklinga i redaksjonane. Det er mi store frykt at vi skal vere på hælane. Når vi skal rekruttere folk er det viktig å få tak i dei som har framtida føre seg, og då må vi merke trekkjen i tida. Så langt har det gått bra, men utviklinga går berre raskare og raskare, og vi er aldri betre enn siste kullet, seier Magni Øvrebotten.