3. april 2014

Målpris til Hans Henrik Løken

Odda Mållag har gjeve Hans Henrik Løken laget sin målpris for 2013, melder Norsk Tidend. Løken er journalist i NRK Sporten, og arbeider både for nett, radio og fjernsyn.

I grunngjevinga for prisen heiter det mellom anna at: «Hans Henrik Løken brukar ein stødig nynorsk i reportasjane. Han ordlegg seg lett og ledig og har god formulerings- og formidlingsevne. Prisen er ei påskjøning for viljen hans til å bruka nynorsk og ei oppmuntring til å halda fram med å bruka nynorsk i innslag, reportasjar og generelt i vidare programskaping. Det gler oss at ein av våre eigne ungdomar fremjar nynorsk på ein slik framifrå måte. Han er òg eit språkleg føredøme for andre unge sportsjournalistar, ikkje berre nasjonalt, men òg lokalt «, skriv Odda Mållag.

Hans Henrik Løken er 25 år og gjekk på kull 13 med nynorskpraktikantar i 2010/11. Før han byrja her hadde han arbeidd i Hardanger Folkeblad og Radio Folgefonn. Han hadde ekstern praksis som nynorskpraktikant i NRK Sporten våren 2011 og har arbeidd der etterpå.

Målprisen til Odda mållag er eit trykk av kunstnaren Solfrid Aksnes.