16. april 2018

Målprisen til Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 i høve landsmøtet i Noregs Mållag. Det var styremedlem Inger Johanne Sæterbakk som delte ut prisen. Inger Johanne var sjølv nynorskpraktikant i det fyrste kullet på NRK Nynorsk Mediesenter.

Inger-Johanne-Sæterbakk og Magni Øvrebotten Foto Hallstein Dvergsdal

– Noregs Mållag gav Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk , styremedlem i Noregs Mållag.

– I rolla som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane argumenterte ho mot at distriktskontoret i Sogn og Fjordane skulle leggjast under NRK Hordaland. At NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distriktskontor, har betydd svært mykje for nynorsken, og for å få nynorske saker på dagsordenen. Og at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta, var beint fram eit politisk under, seier Inger Johanne Sæterbakk .

– Magni Øvrebotten er ikkje berre eit nynorsk førebilete i mediebransjen. Ho er også eit førebilete for oss i målrørsla, ja for alle som kjempar for ei politisk sak. Denne viljen til språk som Magni har synt, gir oss pågangsmot.

– Ho har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda. Kvar dag set desse språkleg spor etter seg i NRK, og dei set nynorske spor i oss, enten vi er unge eller vaksne, seier Inger Johanne Sæterbakk

Her er heile grunngjevinga.

Frå venstre: Oddny Miljeteig vart heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 og Olaug Nilssen fekk Nynorsk litteraturpris 2017. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

–  Det er stas å få pris frå Mållaget for arbeidet mitt for nynorsk som journalist, redaktør og leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ekstra stas å sole seg i glansen saman med Olaug Nilssen og Oddny Irene Miljeteig. Olaug fekk Nynorsk litteraturpris for boka «Tung tids tale» og Oddny vart heidersmedlem, seier Magni Øvrebotten.

 

Høyr intervjuet med Magni Øvrebotten på NRK Sogn og Fjordane