4. september 2018

Mangfald i Kringkastingsrådet

Torsdag 6. september er det møte i Kringkastingsrådet med «Mangfald i NRK» som hovudemne. Rådet skal få eit innblikk i korleis denne delen av samfunnsoppdraget vert gjort i praksis. Leiarane for NRK Sápmi, NRK FleRe og NRK Nynorsk mediesenter skal innleie om kvar sitt felt.

NRK-plakaten seier at NRK skal spegle det kulturelle mangfaldet i befolkninga i Noreg, styrke norsk og samisk språk, og ha minst 25 prosent nynorsk i både radio, fjernsyn og nett.

– Eg kjem til å legge vekt på at det nyttar å tilsette nynorskbrukarar om ein vil ha meir nynorsk i NRK, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Senteret vart oppretta for å rekruttere og lære opp nynorskbrukande journalistar til etermedia og har vore i drift sidan hausten 2004.

NRK FleRe er eit systertiltak, som skal rekruttere og lære opp fleirkulturelle journalistar til etermedia. Det har vore i drift sidan 2008. Mangfaldsjefen i NRK, Marianne Mikkelsen, er leiar for NRK FleRe.

NRK har hatt sendingar på samisk sidan 1946. NRK Sápmi fekk eige kringkastingshus i Karasjok i 1984 og vart eigen divisjon i NRK i 1992. Mona Solbakk er direktør for NRK Sápmi.

Sjå meir om Kringkastingsrådet