5. september 2013

Me er godt i gang…

No har eg litt «daudtid» medan eg ventar på at folk skal ringe meg tilbake, så kva er vel betre då enn å blogge litt?

Er akkurat ferdig med ei radiosak om sopphausten – hadde det utruleg kjekt ute i skauen saman med soppkjennar Harald Eriksen. På måndag var saka mi om Miljøpartiet Dei Grøne på lufta, den kan du høyre her.  No prøver eg å få hol på ei litt tyngre sak, så då får me sjå om det vert noko…

Her på loftet er det i alle fall veldig givande å vere! Me lærer rett og slett ekstremt mykje kvar dag, både av Randi og Terje, men også av kvarandre. God kommunikasjon mellom oss i gruppa gjer arbeidet mykje lettare.

 

Oppsummert: Ei knallbra veke. Og i morgon skal det bli bra med helg 😉