24. juni 2014

Fast jobb i Dagsnytt og Dagsrevyen

– Eg har jobba beinhardt dei to siste åra for å bevise at eg fortener fast jobb på Marienlyst, seier Katrine Nybø. Ho og Vidar Eidhammer har endeleg sikra seg fast jobb i Dagsnytt. Eline Buvarp Aardal gjekk frå vikar til fast stilling i Dagsrevyen same dagen.

Katrine Nybø var praktikant på det sekstande kullet i 2012. Etter Nynorsk mediesenter har ho jobba i Dagsnytt der ho hadde eksternpraksis. Arbeidsoppgåvene her varierer i alt frå reporter, programleiar og produsent, og mykje anna. Eline Buvarp Aardal var praktikant på det sjuande kullet i 2007 og har arbeidd som reporter i Dagsrevyen dei tre siste åra.Vidar Eidhammer gjekk på det femte kullet med nynorskpraktikantar i 2006/07. Han har både arbeidd i NRK og teke meir utdanning etterpå. I dag er han produsent og programleiar i NRK Dagsnytt/ Alltid Nyheiter.

– Vegen frå fersk og nervøs praktikant til der eg er i dag i dag har vore læringsrik, spanande og artig, men også tøff og krevjande. Eg har jobba beinhardt dei siste to åra for å bevise at eg fortener fast jobb på Marienlyst, noko som har vore tøft med så mange andre dyktige folk rundt meg. Det er deilig at det harde arbeidet har gitt resultat i form av at draumen eg har hatt i eit tosifra antal år endeleg har blitt til røyndom.  Det er godt å vite at eg er sikra ei framtid i ei så spanande bedrift som NRK er, i ein redaksjon med så mange fine kollegaer og vener som eg har i Dagsnytt, skriv Katrine Nybø.

Vidar Eidhammer har lengst fartstid i Dagsnytt. Også han er glad for at framtida er sikra.

– Det betyr jo at eg får litt meir tryggleik kring arbeidssituasjonen. Eg er godt nøgd med at hardt arbeid har lukkast. Gler meg til å halde fram i eit spanande arbeidsmiljø med gode kollegaer. Gler meg også til å følga medieutviklinga i åra som kjem, med meir digitalisering og endra medievanar hjå folk. Det skapar utfordringar for NRK, men er også spanande å få vera med på, seier Vidar Eidhammer.

Det var 12 stykker som fekk fast arbeid i nyheitsavdelinga på Marienlyst denne veka. Gleda var sjølvsagt stor for dei som endeleg kunne smykke seg med ny tittel i nyheitsdivisjonen.

– Endeleg fekk eg beskjeden eg har venta på så lenge. Eg er så letta og glad! No har eg jobba i Dagsrevyen i tre og eit halvt år, og sjølv om eg har fått klare signal om at eg er ønska, er det noko heilt spesielt med å få formalitetane på plass. Vegen hit har vore lang og lærerik, og det har skjedd mykje frå eg var fersk praktikant, til praksistida i Her og Nå fylgt av supre år i NRK Sogn og Fjordane. Sia eg kom til Marienlyst har eg jobba hardt for å vise at eg er god nok. I takt med at tida har gått, har eg jo fått meir og meir lyst til å vere her. Eg trivst så godt i NRK, jobben er utfordrande og interessant, og alle dei flinke og flotte kollegaene eg har er til stor inspirasjon i arbeidskvardagen, fortel Eline Buvarp Aardal.