26. november 2015

Medarbeidarundersøking

Kull 21 og 22 får i desse dagar tilsendt ei medarbeidarundersøking om NRK Nynorsk mediesenter, med svarfrist 2. desember. Bitten Kallerud og Øystein Sanne oversender grunnlaget for medarbeiderundersøkinga til Quest Back som mottek dei utfylte spørjeskjemaene og sikrar at dataene blir handsama anonymt utanfor NRK.

Resultatet vert klart 11. desember. Vi har fått laga slike undersøkingar to gonger før, i 2008/09 og 2011/12.

– Vi må spørje kull som er ferdige med heile halvåret som nynorskpraktikantar fordi dei skal svare på spørsmål om heile opplegget. Korleis opplegg, faglærarar, leiarar og anna som kom i deira veg var, seier Magni Øvrebotten.

Det er Bitten Kallerud (bilete) som har stått for dei to føregåande medarbeidarundersøkingane for NRK Nynorsk mediesenter, og heldigvis kunne ho ta på seg også denne. Kallerud er no knytt til AFFs konsulentnettverk og arbeider framleis ein del for NRK. Ho får hjelp av rådgjevar Øystein Sanne i personalavdelinga i NRK med det praktiske kring gjennomføringa av undersøkinga. Spørsmåla er dei same som før, elles vert det ikkje mogeleg å samanlikne med tidlegare undersøkingar, og sjå utviklinga.

-Det er viktig at alle dei ti tidlegare praktikantane svarar innan fristen, elles vert det ikkje ei fullgod undersøking, seier Magni Øvrebotten. Vi kjem til å presentere resultatet av undersøkinga på nettsida vår og i neste statusrapport frå NRK Nynorsk mediesenter.