25. april 2017

Mediemålpris til Sølve Rydland

Alf Helleviks mediemålpris for 2017 er tildelt Sølve Rydland i NRK Hordaland. Mediemålprisen går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Det er Det Norske Samlaget som deler ut prisen.

Sølve Rydland (Foto: Geirmund Henjum/NRK)

Sølve Rydland er 33 år og kjem frå Knarvik utanfor Bergen. Han har sidan han gjekk på Nynorsk mediesenter i 2005/2006 vore knytt til NRK Hordaland. Fyrst som tilkallingsvikar i studietida og seinare journalist, kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar.

Juryen skriv: Rydland er ein god og allsidig journalist. Nynorsken er stødig i alle situasjonar, og han er eit godt språkleg førebilete for kollegaer og lyttarar. Nynorsk, og spesielt normert talemål, er under press og Rydland bidreg til å dempe dette presset. Frå i år er Rydland tilsett som digital historieforteljar i NRK Hordaland og arbeider med fakta og dokumentar for nettpublisering. Her vert både tekst, lyd, bilete og video brukt. Når publiseringsformene endrar seg og smeltar saman vert det endå viktigare med gode nynorskbrukarar, både munnleg og skriftleg.

Nemnda som deler ut Alf Helleviks Mediemålpris er samansett av Sigvart Østrem, Inger Størseth Haarr og Magni Hjertenes Flyum. Tildelinga er samrøystes.

Prisen er på 25.000 kr og blei delt ut torsdag 27. april, under årsmøtet til Det Norske Samlaget.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Dei gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning. Dei har i årevis gjeve ut Alf Helleviks Nynorsk ordliste, og det er han prisen er kalla opp etter.

Alf Hellevik (1909-2001) var pioner i arbeidet med norsk språk og med ordbøker. Han var ein av initiativtakarane til Norsk Ordbok, som han arbeidde med alt frå 1940-talet av. Han var professor ved Universitetet i Oslo og medlem av Norsk språkråd og gav ut ei rekkje bøker om norsk språk.