8. juni 2016

Medietilsynet bra nøgde

I Allmennkringkastingsrapporten frå Medietilsynet for 2015 skriv dei mellom anna dette om nynorskprosenten: – NRK har eit gjennomsnitt på 25,5 prosent på tv, 24 prosent på radio og 18 prosent på NRK.no. NRK oppfylte ikkje kravet om 25 prosent nynorsk på alle plattformer, med Medietilsynet har merka seg at det er ei positiv utvikling.

Før dei slær fast det minner Medietilsynet om at NRK skal nytte begge målformer, og minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk. – Det har i fleire år vore ei utfordring for NRK å oppnå minst 25 prosent nynorskdel, men tala for 2015 viser ein auke frå 2014 i alle kanalar. I tv-kanalane er delen nynorsk 24 prosent i NRK1, 30 prosent i NRK2, 22 prosent i NRK3, 26 prosent i NRK Super. I radiokanalane er det 29 prosent i NRK P1, 17 prosent i NRK P2 og 26 prosent i NRK P3. NRK.no har 18 prosent nynorsk. NRK viser også til at det framleis skjer eit langsiktig arbeid, med rekruttering av journalistar og medarbeidarar som brukar nynorsk gjennom Nynorsk mediesenter». Vil du lese meir om dette finn du det på side 20 i rapporten.

http://allmennkringkastingsrapporten2015.medietilsynet.no/

NRK Nynorsk mediesenter har rekruttert og lært opp 115 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Bilete over er av kull 24, som no er ute i ekstern praksis i ulike redaksjonar i NRK. Når dei er ferdige har vi sendt frå oss 120 nynorskpraktikantar, og 22. august byrjar kull 25 på opplæringa i Førde.