29. mars 2012

Meir Blåmann

Eg skreiv tidlegare ein blogg om dotterdotter mi som brukte vinterferien på å lære seg «Blåmann, Blåmann», med mommo som forsongar. Det er slikt som varmar eit mommo-hjarte.Eg prøver å lirke inn dei nynorske songane når høve byr seg. No er eg nok ein gong styrka i trua på at det nyttar å synge frå dei er […]

Eg skreiv tidlegare ein blogg om dotterdotter mi som brukte vinterferien på å lære seg «Blåmann, Blåmann», med mommo som forsongar. Det er slikt som varmar eit mommo-hjarte.Eg prøver å lirke inn dei nynorske songane når høve byr seg. No er eg nok ein gong styrka i trua på at det nyttar å synge frå dei er små, så kjem det ein dag då ein song set seg fast.

Nokre veker etter vinterferien ringjer dotter mi berre for å fortelje at no «jallar «Blåmann, Blåmann» utover heile SFO når eg kjem for å hente Hanna». CD-en med Geirr Lystrup er flittig i bruk og ho hjelper sjølv til som forsongar i flokken av sjuåringar. Den dagen følte eg verkeleg at eg hadde gjort nytte for meg.

No gler eg meg til påskeferie med Hanna og Sofia i Fusa. Det skal feirast både sju og fireårsdag og det vert nok samtalar om ord som «spise» , «eta» eller «ete», som det alltid vert når eg kjem i hus. Eg kan nyte alle dei flotte orda deira med o-endingar og høyre forklaringane på kvifor dei tykkjer det eine ordet er meir naturleg og fint enn det andre. Overtydinga mi er berre at vi må snakke med ungane om språk, dialektar, nynorsk og bokmål – for det er medan dei er små vi legg grunnlaget for både språkleg tryggleik, vidsyn og forståing.  Og så skal vi synge «Blåmann, Blåmann».

God  påske til alle !