17. juni 2011

Meir rettskriving

Vi må leve med at det er ekstra store forventningar til nynorskpraktikantane si evne til å skrive rett. Det får vi sette æra vår i, og det er framifrå dersom alle redaksjonar vert meir opptekne av å skrive korrekt, både på nynorsk og bokmål. I NRK.no har dei kvesst raudblyanten, og godt er det. Til […]

Vi må leve med at det er ekstra store forventningar til nynorskpraktikantane si evne til å skrive rett. Det får vi sette æra vår i, og det er framifrå dersom alle redaksjonar vert meir opptekne av å skrive korrekt, både på nynorsk og bokmål. I NRK.no har dei kvesst raudblyanten, og godt er det.

Til denne tid har vi ikkje hadde nynorsk gramatikk på læreplanen, vi har føresett at nynorskpraktikantane har fått den med seg i skulen. Nokon få har det, men ikkje tyngda. Difor må vi ta oppmodinga frå kull 14 og fleire redaksjonelle leiarar på alvor og innføre «nynorsk rettskriving» frå hausten av.

Mange redaksjonelle leiarar gremjer seg over kor lite journalistar bryr seg med godt språk og rettskriving, og etter at internett vart den viktigaste kanalen syner feila betre enn nokon gong. Fleire trur og at mindre munnleg bruk av normert nynorsk og bokmål forverrar situasjonen. – Folk trur at dei kan skrive slik dei snakkar, eller slik dei gjer på sms. Det er ei privatisering av språket som ikkje ser ut, sa ein frustrert redaktør eg møtte.

Vi skal gjere vårt for å utvikle nynorsken til eit endå betre språk for radio, fjernsyn og internett.