9. januar 2013
av Magni Øvrebotten

Mine første dagar i Nynorsk Mediesenter

Eg har no vore ei veke i NRK Sogn og Fjordane, som nynorskpraktikant. Til no har vi lært om mellom anna tekstbehandlingsprogram, lydopptaking og lydredigering. Eg har fått eit godt inntrykk, både av NRK, og min nye heimby, Førde. Det som er bra med Førde, er at byen har passeleg storleik, og eit kompakt sentrum. […]

Eg har no vore ei veke i NRK Sogn og Fjordane, som nynorskpraktikant. Til no har vi lært om mellom anna tekstbehandlingsprogram, lydopptaking og lydredigering. Eg har fått eit godt inntrykk, både av NRK, og min nye heimby, Førde.

Det som er bra med Førde, er at byen har passeleg storleik, og eit kompakt sentrum. Det tek berre 8 minutt å gå frå leiligheita mi til jobben, som ligg på andre sida av sentrum. Likevel har byen det meste ein kan ønske seg.

I løpet av halvåret eg skal vere i NRK, håper eg å finne ut om eg vil halde fram med journalistikk, eller om eg skal jobbe med noko heilt anna.