3. mai 2019

Møte i juryen 6. mai

Måndag 6. mai møtest juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i Førde for å avgjere kven som får prisen i 2019.

Det kom inn 28 framlegg om 23 namn til fristen 1. april. Juryen har gjort eit fyrste utval i eit telefonmøte og skal måndag velge mellom dei seks som står att på lista. Kven det blir vert kunngjort til veka. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni.

I juryen er Solveig Barstad, programleiar/journalist i TV 2, leiar. Ho har med seg Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret, og professor Øystein A. Vangsnes, ved Universitetet i Tromsø/Høgskulen på Vestlandet. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var departementet si gåve til Nynorsk mediesenter då det vart opna 2. september 2004.