5. mars 2018

Kull 28 i praksis på dk og Tyholt

6. mars byrja kull 28 i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, der dei skal arbeide som journalistar for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium fram til fredag 27. april. Då er opplæringa i Førde over. Dei skal i praksis i P3 på Tyholt, NRK Buskerud, NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane. Det er fyrste gongen at ingen dreg til Marienlyst i praksis på dei snart fjorten åra NRK Nynorsk mediesenter har vore i drift.

To frå kull 28 held fram i NRK Sogn og Fjordane i praksis, Turid Astrid Reksten og Fredrik Johan Helland. Han skal ha sommarjobb der etterpå, medan Reksten skal attende til jobben sin som feltprest i Forsvaret frå 1. juli. Ho har hatt permisjon for å gå NRK Nynorsk mediesenter. Bente Kjøllesdal skal til NRK Hordaland i Bergen i praksis, Sigrid Sivertsen Haugan skal til P3 desken på Tyholt og Anders Martin Helle til NRK Buskerud. Han har òg fått sommarjobb der. Kull 28 er ferdige som nynorskpraktikantar 30. juni.