24. september 2014

Nave i Brussel

Tidlegare nynorskpraktikant Ingvild Nave er no praktikant i Norge sin EU-delegasjon i Brussel. Opphaldet er ein del av Europastudiet hennar ved Universitetet i Bergen.

Ho var nynorskpraktikant i 2011 og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland etterpå. I Bergen har ho kombinert studiar og vikariat/tilkalling i NRK Hordaland.

No skal ho vere EU-praktikant i Brussel frå september til februar. Nettstaden framtida.no har intervjua Ingvild Nave om dette og intervjuet kan du lese her