26. juni 2018

Nave og podkasten BT20

Ingvild Nave har fått eit års prosjektstilling i Bergens Tidende for å lage podkasten BT20. – Det er ein nyheitspodkast som kjem ut kvar torsdag, der vi fortel historia om saker som er viktige for vestlendingane, fortel Ingvild Nave. Premeiren var 14. juni og den podkasten handla om sykkel-VM i Bergen og det økonomiske rotet som følgde i kjølvatnet av meisterskapet.

Podkasten BT20 er inspirert av The Daily frå New York Times, som er featurejournalistikk på 20 minutt. – Vi prøve å fortelje historia bak sakene ein les om i nyheitene, framfor å dyrke nyheitspoenget. Det er veldig kjekt arbeid! No når podkast-marknaden er blitt så stor, kjem erfaringa med lydarbeid godt med også utanfor radiokanalane og NRK, seier Ingvild Nave.

Ingvild Nave (1990) var nynorspraktikant på kull 14 i 2011. Ho kom hit rett frå medielina ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Etter halvåret som nynorskprakikant kombinerte ho Europastudiar ved UiB med tilkalling/vikariat i NRK Hordaland. Hausten 2014 var ho praktikant ved Norge sin EU-delegasjon i Brussel, og våren 2015 var ho vikar som rådgjevar i utanriksgruppa ved EU-delegasjonen. Nave byrja som kulturjournalist i Bergens Tidende i 2017 og har no ei prosjektstilling for å drive med podkasten BT20.