5. juni 2014

Nettredaktør i Norges Bondelag

Tidlegare nynorskpraktikant blir nettredaktør for Norges Bondelag.

– Eg ønskte å jobbe i Bondelaget fordi eg har eit  stort engasjement for landbrukspolitikk og fordi det er eit spennande fagfelt å skulle formidle til omverda , og er veldig glad for å ha fått jobben.

Det fortel den ferske nettredaktøren i Norges Bondelag, Inger Johanne Sæterbakk.  Ho var praktikant i det fyrste kullet frå Nynorsk mediesenter i 2004/2005, og var fram til februar i år prosjektleiar for Språkåret 2013.

Spennande tid for landbruket

Og det er litt av tidspunkt å bli ein del av bondeorganisasjonen på. Berre veker har gått sidan kampen stod knallhard rundt jordbruksoppgjeret. Og berre dagar etter å ha starta i ny jobb er det landsmøte i organisasjonen. Med ei ny regjering som ynskjer å endre kursen på landbrukspolitikken, har  landsmøtet fått ein ekstra nerve, seier Sæterbakk

– Det er ei spennande og viktig tid for norsk landbruk. No, på dag 3, er eg på årsmøtet på Lillehammer, og det er veldig bra for å få oversikt over folka og sakene i organisasjonen.

Og i bondeorganiasjonen er det heldigvis ikkje nødvendig å kjempe for å få skrive nynorsk.

– Eg skal ha ansvar for drift, utvikling og vedlikehald av nettsida, i tillegg til andre kommunikasjonsoppgåver. Og i Norges Bondelag får eg sjølvsagt skrive nynorsk, seier den ferske nettredaktøren.