6. mai 2014

Ni kalla inn til intervju

– Førebels er ni av 54 søkjarar kalla inn til intervju. Det kan bli fleire. Dei to fyrste kjem fredag 9. mai, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Det er faglærar Randi Indrebø og Magni Øvrebotten som skal møte kandidatane til kull 21. I snitt to konferansar kvar dag fram til 17. mai.

– Målet er å tilsette til nasjonaldagen, men eg kjenner på gikta at det kan ta lenger tid. Når vi har så mange å velge i vert det lett til at vi leitar meir, særleg etter den femte og siste kandidaten, seier Øvrebotten. Ho har drive med tilsettingar i vel 30 år, dei 10 siste åra av nynorskpraktikantar. Når dei fem på kull 21 er plukka ut er det tilsett totalt 105 nynorskpraktikantar i NRK Nynorsk mediesenter.