16. januar 2014

Ni nye praktikantar i Førde

Ni ferske praktikantar er komne til Førde for å lære seg journalistikk på fire månadar. Fire av dei held til i redaksjonen i Firda, dei andre fem får opplæring i NRK Sogn og Fjordane.

No er alle i full gong med praktiske trening,og dei har fleire førelesingar i lag om aktuelle emne innan journalistikken.

På avissenteret i Firda går Camilla Aasen Bøe (1986) frå Jølster, Siri Helle (1982) frå Askvoll, Marius Myklebust (1989) frå Ulsteinvik og Frode Grimelid (1987) frå Førde. På nynorsksenteret går Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (1984) frå Fusa, Oddbjørn Myklebust Opsal (1988) frå Ålesund, Guro Kvalnes (1991) frå Ullensvang, Halvor Farsund Storvik (1981) frå Sogndal og Silje Steinnes Bjerknes (1988) frå Volda.

Denne veka var alle samla på Fjordamattunet i Jølster der vart det laga suppe. Målet var å bli betre kjende.

Kari Støfringsdal forklarar korleis ein lagar kjøttbollar av kalvekjøttdeig. Frå venstre Marius Myklebust og Marit Brennset, Firda, Kari Støfringsdal og Terje Gilleshammer frå Nynorsk mediesenter

Kari Støfringsdal forklarar korleis ein lagar kjøttbollar av kalvekjøttdeig. Frå venstre: Marius Myklebust, Marit Brennset, Kari Støfringsdal og Terje Gilleshammer.

bilde 3

Camilla Aasen Bøe, Firda og Oddbjørn Opsal frå Nynorsk mediesenter

Camilla Aasen Bøe, Firda og Oddbjørn Opsal frå Nynorsk mediesenter