7. august 2013

Ni nynorskpraktikantar i Førde

19. august byrjar ni nynorskpraktikantar på opplæringa si i Førde. Fem hjå NRK Nynorsk mediesenter, fire i Nynorsk avissenter i Firda. – Det er eit storhende, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Nynorsk avissenter tek mot fyrste kullet, medan det er det nittande som byrjar i NRK. Avissenteret har fokuset på avis og  nett, i NRK er det radio, fjernsyn og nett som gjeld.

– I vår nettid vert eter- og avisverda meir og meir lik, alle skal ha levande bileter, lyd og tekst på nettet. Samstundes som vi skal vere gode på dei opphavlege felta vår radio, fjernsyn og avis. Førde vert i alle høve eit senter for opplæring av nynorskbrukande journalistar for alle plattformer, seier Magni Øvrebotten.

Dei to mediesentra skal samarbeide der det er naturleg, mellom anna om nynorsk som mediespråk. – Med ni praktikantar vert det også eit større miljø, og kanskje også meir merksemd kring den opplæringa som vert driven her i Førde, seier Øvrebotten.