12. desember 2017

Ni faste jobbar i media i 2017

I 2017 har ni tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i media.

Snorre Sandemose (Foto: Randi Indrebø/NRK)

I løpet av 2017 fekk fem tidlegare nynorskpraktikantar fast jobb i NRK. I tillegg fekk to fast jobb i aviser – og to ekspraktikantar fekk fast jobb i nettaviser.

– Det var veldig kjekt å få ein ny sjanse i journalistikken, seier Snorre Sandemose.

Han er den første frå kull 26 som har fått fast jobb i media. Sandemose var ferdig ved NRK Nynorsk mediesenter sommaren 2017, og no er han tilsett som journalist i nettavisa porten.no i Årdal. Dei fire andre frå kullet hans har kortare og lengre vikariat i NRK.

Fem tidlegare praktikantar har fått fast jobb i NRK. Desse er Martha Våge (Her og No), Wilhelm Støylen (NRK Sogn og Fjordane), Thomas Brakstad (NRK Sogn og Fjordane), Even Lusæter (NRK Hedmark og Oppland) og Solveig Svarstad (NRK Sogn og Fjordane).

– Når eg no fekk fast jobb i «Her og No» var det ein kombinasjon av nynorsk, brei NRK-erfaring og litt flaks som gjorde at det gjekk min veg, seier Martha Våge.

– Eg har aldri hatt fast jobb, så det er litt spesielt. Skrekkblanda fryd, for å seie det slik, smiler Thomas Brakstad.

Totalt har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 130 nynorskpraktikantar. 57 prosent av dei arbeider i media. 44 prosent er tilsett i NRK.

I den siste statusrapporten for 2017 kan du lese meir om dei som har fått jobb i media. Nytt av året er dessutan det at vi driv nynorskkurs for tilsette i NRK. Det er eit resultat av handlingsplanen for nynorsk i NRK, og det er språksjefen som betalar kursa. I statusrapporten kan du også sjå kva kull 27 synest om tida dei har lagt bak seg ved NRK Nynorsk mediesenter.

Statusrapport-12-12-17.pdf (140 downloads)