4. mars 2020

No kan du søkje om å bli nynorskpraktikant i NRK

Onsdag 15. april er søknadsfristen for det 33. kullet med nynorskpraktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter.

NRK Nynorsk mediesenter søkjer etter engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Her får du opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Det 33. praktikantkurset byrjar 19. august og er ferdig 26. februar 2021. Det er fem plassar på kullet.

No i desse koronatider reknar vi med å ta jobbintervjua med kandidatane via Skype. Det gjev like forhold for alle og det blir mogeleg å tilsette i byrjinga av mai, trass i restriksjonane i samfunnet. Det er i alle høve ingen grunn  til å la vere å søkje på eit halvårs, betalt opplæring i journalistikk og nynorsk for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.

Klikk deg gjerne rundt på nettsida vår, så finn du kanskje svar på mange av spørsmåla du har. Du kan og ringje leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, og slå av ein prat med ho.

Øvrebotten har mobiltelefon 97055201.