6. mars 2019

No kan du søkje om å bli nynorskpraktikant i NRK

Måndag 15. april er søknadsfristen til det 31. kullet med nynorskpraktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter. Til sommaren har vi lært opp 150 nynorskpraktikantar sidan starten i 2004. Kull 31 vert tilsett i byrjinga av mai, og dei fem heldige skal byrje på opplæringa i Førde 19. august 2019. Dei er ferdige med halvåret som praktikantar 29. februar 2020.

Du finn utlysinga her.

– Vi ynskjer oss nynorskbrukande søkjarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Sidan nynorsken er mest brukt på Vestlandet er det naturleg nok flest søkjarar frå dei fire Vestlandsfylka. Men for oss er det viktig å medverke til at dialektar frå både nord-, midt-, sør- og aust-Noreg samlar seg i nynorsken. Då aukar vi mangfaldet i NRK, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

57 prosent arbeider i media 

Av dei 145 nynorskpraktikantane som har gjennomført halvåret som nynorskpraktikantar har 57 prosent arbeid i media. 39 prosent er i NRK, og dei fordeler seg nokså likt mellom distrikts- og riksredaksjonane. 14 prosent arbeider i aviser og på ulike nettstader, men diverre får ikkje alle skrive nynorsk. Fire prosent arbeider i andre media (TV 2, Radio 1 og frilans).

I tillegg til 57 prosent i media er 19 prosent informasjonsfolk, nettredaktørar og rådgjevarar i alt frå departement til reklamebyrå.

Med å vandre rundt på denne nettsida finn du meir om den praktiske opplæringa, kva vi forventar oss av nynorskpraktikantane, kva dei som har gått her gjer på, osv. Har du spørsmål kan du ringe leiaren, Magni Øvrebotten, på mobil 970 55201, eller sende e-post: magni.ovrebotten@nrk.no, eller nynorskmediesenter@nrk.no

Samstundes med oss lyser Nynorsk avissenter i Mediehuset Firda ut kull 13 med nynorskpraktikantar, med vekt på å få fram nynorskbrukande journalistar for avis og nett.