12. oktober 2012

No må du søkje!

Er du nynorskbrukar og har du ein draum om å verte journalist? Då bør du søkje Nynorsk mediesenter! Betre journalistopplæring finn du ikkje.Er du enno ikkje sikker? Då skal eg fortelje deg kvifor du bør søkje!For det fyrste kjem du til å lære utruleg mykje. Eit av måla med opplæringa er å kunne bruke fleire […]

Er du nynorskbrukar og har du ein draum om å verte journalist? Då bør du søkje Nynorsk mediesenter! Betre journalistopplæring finn du ikkje.Er du enno ikkje sikker? Då skal eg fortelje deg kvifor du bør søkje!For det fyrste kjem du til å lære utruleg mykje. Eit av måla med opplæringa er å kunne bruke fleire medium. Difor har vi vore innom både radio, nett og tv. Dette ein stor fordel som du kan få mykje glede av i ditt framtidige yrke som journalist.Ein annan ting som gjer dette praktikantkurset så bra er at ein raskt vert kasta ut i det praktiske. Her er det rom for å prøve (og feile), og ikkje minst lære. Ein får òg tett oppfølging undervegs, på alt frå stemmebruk til kommareglar, som for all del ikkje må undervurderast. Læringskurva har vore bratt, det skal eg ikkje leggje skjul på. Det må likevel seiast at dette har hatt sine fordelar. Når ein er fersk i journalistikken kan mykje verke skummelt og vanskeleg, og då set ein igjen med ein ekstra god følelsen når ein endeleg mestrar det. Som for eksempel når ein høyrer si fyrste sak på radioen.No er eg snart ferdig med fyrste del av opplæringa, og klar for internpraksis her ved NRK Sogn og Fjordane. At tida her går veldig fort er i alle fall sikkert og visst, og det er jo eit teikn på at ein har det kjekt. Dersom du er så heldig at du får vere ein del av neste kull ved Nynorsk mediesenter, så vil du fort forstå kvifor tidlegare praktikantar no oppmodar deg til å søkje!Til slutt legg eg ved nokre lenkjer til ulike saker eg har laga den siste tida. På radio laga eg nyheitssak omBetalingsevna til folk i Sogn og Fjordane, magasinsak om Trude Teige og hennar nye bok, og to innslag frå Sunnfjord Museum, om Aktivitetar i haustferien og Kubbespel.På nettet har eg skrive desse sakene:Interiøret ved Førde sentralsjukehus og Auka busetjing av flyktningar.

GRAND PRIX: Stine og Marte på kostymelageret til NRK