17. februar 2020

Nok ein bokdebutant

Det er etter kvart mange tidlegare nynorskpraktikantar som har gjeve ut skjønnlitterære bøker og den siste debutanten er Sigrid Agnete Hansen, som lanserte ei ungdomsbok på Samlaget siste fredag. «Ser du dette?» heiter boka og i omtalen kallar Samlaget det «ein sterk debut» om nakenbilete på avvegar. 15 år gamle Anna har flytta til ein ny stad, med ny skule og nye vener. Korleis klarer ho å handtere det nye livet når ho heile tida fryktar at fortida skal avsløre henne?

– Det kjennest ganske utruleg – akkurat no føler eg meg både stolt, litt nyforelska og utruleg nervøs. Det blir mykje neglebiting no framover – vil folk like boka? Vil ungdommen sjølv like ho? All grunn til å vere spent! seier forfattaren Sigrid Agnethe Hansen (30). Ho er journalist i NRK Troms og Finnmark, i Tromsø, og var nynorskpraktikant i 2014/15.

– Har du drøymt om å bli forfattar lenge?

– Eg har hatt lyst til å skrive så lenge eg kan hugse, og elska norskfaget på skulen. Å skrive stil var nok min favoritt i alle år, så når eg blei student måtte eg halde fram. Da skreiv eg blogg i mange år. Så eg vil absolutt seie at å skrive ei bok har vore ein av mine største drømmar i livet!

– Kva handlar boka om?

– «Ser du dette?» handlar om 15 år gamle Anna, som må starte livet på nytt etter at eit nakenbilde av ho blir spreidd. Korleis går ein vidare etter noko slikt? Kan ein stole på nokon igjen? Anna er redd for at ryktet skal øydelegge for ho. Det er ein ungdomsroman om å vere 15, om skam og om vennskap.

– Du kjem frå Harstad og gjekk over til nynorsk som hovudmål som vaksen. Var det sjølvsagt at boka skulle vere på nynorsk?

– Å skrive denne romanen på nynorsk har vore heilt sjølvsagt for meg. Eg får ofte spørsmål om korfor eg, som kjem frå Harstad, har nynorsk som hovudmål. Da svarer eg bestandig at det er fordi det høyrest meir ut som meg og mi dialekt enn bokmål gjer.»