25. mai 2018

Nominert til Årets unge radioprofil av NRK

Kathrine Nygård, tidlegare programleiar i Skolefri i NRK Super, og nynorskpraktikant i 2016, er ein av kandidatene som NRK sender vidare til Prix Radios hovedjury. Prix Radio prisar dei beste radioproduksjonane i Norge; lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kathrine Nygård (Foto: Magnus Loennechen Skjelbek v/NRK)

– Det er utruleg stas å vere nominert av NRK i ein slik kategori, no føler eg meg ung, hehe! (ref. Årets unge radioprofil) Spesielt artig er det når det står så mange flotte og etablerte namn på lista som sendast til Prix Radio, då er det ekstra stas. Det er rart kor mykje som kan skje berre ein får sjansen – eg hadde jo aldri vore i NRK Super hadde det ikkje vore for Nynorsk mediesenter, så det er eg takksam for, seier Kathrine Nygård.

NRK har nominert desse til Prix Radio:

Årets unge radioprofil:
Marius Holth, NRK P3/mP3
Adam Ezzari, NRK P3
Kathrine Nygård, NRK Radio Super
Helene Solheim, NRK P3nyheter