26. januar 2010

Nordisk tvkanal

Nokon av oss er noko så sært som nordistar. Vi har vore rekna for utdøyande lenge. Vi tykkjer det er viktig at folka i Norden forstår kvarandre, både språkleg og kulturelt, og saknar eit nordisk fjernsynstilbod. Difor vart eg oppglødd då eg høyrde på Kulturnytt at kulturkomiteen i Nordisk Råd ynskjer dei nordiske allemennkringkastarene inn i grunnpakkane til TV-distributørane. Det […]

Nokon av oss er noko så sært som nordistar. Vi har vore rekna for utdøyande lenge. Vi tykkjer det er viktig at folka i Norden forstår kvarandre, både språkleg og kulturelt, og saknar eit nordisk fjernsynstilbod.

Difor vart eg oppglødd då eg høyrde på Kulturnytt at kulturkomiteen i Nordisk Råd ynskjer dei nordiske allemennkringkastarene inn i grunnpakkane til TV-distributørane. Det er ein gamal tanke, som har stranda fleire gonger på grunn av diskusjonar om mellom anna opphavsrett.  Men mest av manglande politisk vilje. Seinast i haust avslo Nordisk ministerråd framlegget som urealistisk, men  kulturkomiteen i Nordisk Råd prøver seg no på nytt.

– Vi har ein stor fordel i dei nordiske landa i og med at vi forstår kvarandre sitt språk. Vi har ein felles historie – og kulturbakgrunn som det er viktig at vi held ved like, seier dansken Mogens Jensen, som er leiar for kultur – og utdanningskomiteen i Nordisk Råd.

Det er på høg tid at vi tek dette alvorleg, for undersøkingar syner at det ikkje er sjølvsagt at vi skjønar kvarandre sitt språk lenger. Engelsk held på å bli det samnemnande språket i Norden, særleg etter at finnane og islendingane byrja bruke det over alt.  Undersøkingar om språkforståing syner at nordmenn seier at dei skjønar svensk og dansk betre enn grannefolka våre seier at dei skjønar norsk. Grunnen til det seiest å vere at den utbreidde dialektbruken i Norge har gjort den generelle språkforståinga og viljen til å forstå betre. Språkleg og kulturrelt mangfald er så mangt, men det er ikkje minst å forstå naboane sine.

Tilboda på engelskspråklege fjernsynskanalar er overveldande, og det påverkar oss på alle felt. Vi likar det ikkje, men gjer ikkje noko med det. Onsdag skal kulturkomiteen i Nordisk Råd ha føre framlegget om å få allmennkringkastarane i Norden inn i TV-tilbodet.  I førre veke sa ein samla opposisjon i Stortinget at dei vil arbeide for ein ny nordisk tvkanal. Men i Kulturdepartementet seier dei til NRK Kulturnytt at dei «vil avvente hvilke konklusjoner kulturkomiteen i Nordisk Råd kommer frem til på onsdag».  Då håpar eg svaret er sjølvsagt !