23. august 2012

Noregs styggaste by

Eg er nok ikkje den einaste som har høyrt det; Førde er Noregs styggaste by. Før har Førde berre vore ein plass eg har køyrt forbi på veg til andre venare og vakrare destinasjonar. No derimot skal eg bli verande her i fire månadar. Etter ei vekes tid her i Førde tenkte eg difor at eg […]

Eg er nok ikkje den einaste som har høyrt det; Førde er Noregs styggaste by.

Før har Førde berre vore ein plass eg har køyrt forbi på veg til andre venare og vakrare destinasjonar. No derimot skal eg bli verande her i fire månadar.

Etter ei vekes tid her i Førde tenkte eg difor at eg skulle prøve å gje denne, nokon vil seia ufortent, avskydde byen, litt «cred». For Førde er ikkje så stygg som ein kanskje skulle tru.

For det første, fjell kan me alle vera einige om at er vakkert. Og dette visste du kanskje ikkje, men Førde er omringa av vakre fjell. Så mykje fjell er det i Førde at det tek meg ca. 10 minutt å sykle ned til sentrum og ca. 40 minutt heim att.

For det andre, fjordar er ikkje stygt. Førde ligg i enden av ein fjord og om du kjem deg opp på ein av fjelltoppane i nærleiken kan du nyte utsikta av fjorden. Du kan og kjøpe deg ein is i sentrum og studere fjorden derifrå.

For det tredje, sol er flott. Mange vil gjerne påstå at det berre regnar i Førde, men dette kan eg etter ei veke i Førde, avkrefte.  Av totalt sju dagar, har det vore strålande sol tre dager.

Nedanfor kan de sjå eit bilete som stadfestar i alle fall to av påstandane ovanfor. Fjorden var diverre ikkje tilgjengeleg då bilete vart teke.

Førde utsikt