8. september 2009

Norsk eller nynorsk?

Vi har lært å ta opp telefonintervju for radio, og den første saka mi med slike intervju handla om Akers nye reklamefilm «Made by Norway».  Ivar Aasens «Nordmannen» blir her brukt for å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar. Ivar Aasen-tunet støttar Akers bruk av «Nordmannen» og er stolte av at […]

Vi har lært å ta opp telefonintervju for radio, og den første saka mi med slike intervju handla om Akers nye reklamefilm «Made by Norway».  Ivar Aasens «Nordmannen» blir her brukt for å vise fram norsk industri og dei verdiane dei tilsette skapar. Ivar Aasen-tunet støttar Akers bruk av «Nordmannen» og er stolte av at diktet blir nytta i denne samanhengen.

Kommunikasjonsdirektør Geir Arne Drangeid i Aker var eitt av mine intervjuobjekt. Etter at eg hadde spurt han om

1) kvifor dei valde å bruke nynorsk når vi er vane med at storkapitalen ikkje brukar det

2) kvifor samarbeidet mellom Ivar Aasen-tunet og Aker på deira eigne heimesider blir kalla uvanleg, og

3) om det er greitt å bruke nynorsk sidan filmen har eit poetisk språk, vart kommunikasjonsdirektøren rett og slett så satt ut at han ba om å få starte på «scratch». (Dette er altså den same mannen som har hatt med saker som Aker Solutions å gjere. Han hadde tidlegare også fått spørsmåla mine på e-post.)

Etter å ha fått tenkt seg litt om fekk han heldigvis forklart at Aker i utgangspunktet ikkje tenkte så mykje på om dei brukte norsk eller nynorsk i reklamefilmen. Dette presiserte han heile to gonger.

Som nynorskpraktikant lærer ein noko nytt kvar dag, og det er tydeleg at det Drangeid kallar «det mest norske vi har» likevel ikkje alltid blir oppfatta som «skikkeleg» norsk.