23. mars 2018

– NRK må tilsette fleire nynorskbrukarar

Nynorskprosenten i NRK var i fjor 22 prosent samla for heile verksemda. Han har gått ned to prosentpoeng sidan 2015. Målet er framleis 25 prosent på alle plattformer. – Den mest effektive måten å gjere noko med den på er å tilsette fleire nynorskbrukarar, seier fungerande språksjef Ingvild Bryn. – Det er mange omsyn å ta ved tilsetjingar, men for å unngå refs frå Medietilsynet også neste år, er det viktig at også nynorsk er ein kvalifikasjon sjefane legg vekt på, seier Bryn.

Ingvild Bryn (Foto: Ole Kaland/NRK)

Statusrapport 23.03.18 (60 downloads) om NRK Nynorsk mediesenter kan du lese meir om kva tiltak språksjefen ser føre seg for å få opp nynorskprosenten. Du ser kvar dei fem siste kulla med nynorskpraktikantar har hamna, og noverande kull fortel om livet som nynorskpraktikantar. Her er den siste nynorskstatistikken: