16. januar 2015

Ny brosjyre

Det er laga ei ny brosjyre for Nynorsk mediesenter, med tidlegare nynorskpraktikant Lars Ivar Nordal som framsidebilete. Han er vikar i Kulturnytt.

Føremålet med brosjyra er særleg å ha noko å dele ut på student- og jobbmesser, og elles i møte med publikum. Det er designavdelinga i NRK som har utforma ho og opplaget er på berre 500. – Slike brosjyrer vert raskt for gamle. Difor laga vi ei som lett kan oppdaterast og produserast på nytt, seier Magni Øvrebotten.

Malen er den kjende gamle om korleis ein vert nynorskpraktikant, utbyte ein kan ha av det, med sitat frå tolv av dei 100 nynorskpraktikantane som har gått her, og kva visjonar og verdiar vi driv etter. Sitata er med: Svein Ove Hansli, Siri Kleiven Strøm, Ivar Folkedal, Eline Buvarp Årdal, Gisle Forland, Solveig Hareide, Roger Sevrin Bruland, Kristin Vestreim, Simon Solheim, Hilde Zahl, Birte Njøsen Horne og Ingebjørg Bø. Dei representerer breidda i jobbane ein kan få etter å ha gått Nynorsk mediesenter.

På baksida er det sitat om NRK Nynorsk mediesenter med kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, distriktsredaktør Grete G. Johnsen og publiseringsredaktør i NRK, Stein Bjøntegård: – For Nyhetsdivisjonen har Nynorsk mediesenter vært en berikelse. Noen av våre aller flinkeste folk kommer derfra, seier han.

Om nokon ynskjer tilsendt  Brosjyre (365 downloads) er det berre å ta kontakt på telefon 970 55 201, så sender vi.