14. januar 2016

Ny faglærar frå hausten

Rune Fossum (41) tek over som faglærar for Terje Gilleshammer frå 1. august. Gilleshammer skal bli vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane, og Fossum kjem frå jobb som reporter for nett, radio og TV ved distriktskontoret. Begge har permisjon frå stillingane sine til våren 2017.

Rune Fossum (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Rune Fossum (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Rune Fossum kjem frå Molde, men har budd i Sogn og Fjordane dei siste 17 åra. – Det nærmar seg halve livet, seier han. Han byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, då han kom til NRK Sogn og Fjordane. Her har han vore vaktsjef i fem år, og dei to siste åra reporter på TV, radio og nett.

Fossum har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, i tre år, mellom anna som nestkommanderande ved Grense Jakobselv Grensestasjon. Hans  journalistiske løpebane starta med ein bachelor i journalistikk frå Mediehøgskulen i Kristiansand. Han har også historie mellomfag frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskulen i Molde.

– Til hausten tek eg altså til som faglærar ved Nynorsk mediesenter. Det ser eg veldig fram til. Dette blir ei ny utfordring for meg, og det skal bli kjekt å jobbe med unge, ivrige og lærevillige journalistspirer. Mykje handlar jo om å overføre gleda det er å få formidle gode historier til TV-sjåarar, radio-lyttarar og nettlesarar. Då kjem ein veldig langt! seier Rune Fossum.

– Rune har vore gjesteførelesar for fleire kull, om å skrive for nettet, og praktikantane har alltid vore veldig nøgde med evna hans til å formidle og gje dei øvingar. Difor var det naturleg å spørje han om å bli faglærar når distriktskontoret ynskte seg Terje som vaktsjef. Rune har spisskompetanse om skriving for nettet, og vi kjenner han som ein dyktig, seriøs og allsidig journalist. Difor er vi glade for at han takka ja til å bli faglærar. Så lenge faglærar Randi Indrebø held ut å vere bærebjelken i undervisingsopplegget for Nynorsk mediesenter, er det nyttig med det vekselbruket vi har med NRK Sogn og Fjordane om den andre faglærararen, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.