20. desember 2019

Ny faglærar

For kull 32 vert fotograf Oddmund Haugen med som faglærar, saman med Rune Fossum Lillesvangstu. Han blir med dei to fyrste månadane for å lære nynorskpraktikantane fotografering, redigering og å lage videoar for sosiale medium (some).

Oddmund Haugen (37) er fotograf i NRK Sogn og Fjordane og avløyser Brit Jorunn Svanes, som har vore med på opplæringa av fleire kull med nynorskpraktikantar. – Det er godt at vi kan beite på fagfolka ved distrikskontoret når vi treng fagkunnskap på data, fotografering og teknikk, seier Magni Øvrebotten. Rune Fossum Lillesvangstu er den faste faglæraren, som har journalistikken og språket som fagfelt. Vi ynskjer Oddmund Haugen velkomen som faglærar for kull 32 frå 6. januar.