23. august 2012

Ny, nervøs og gira!

Brått var sommarferien over og tida for å setja snuten nordover for eit halvår i Førde kom. Eg, som nyleg har teke førarkortet, heiv meg i bilen og insisterte på  sjølv å køyra dei fire timane det tek frå Os til Førde. Og med dei to søstrene mine som bærehjelparar, inntok eg Bettenhuset midt i sentrum […]

Brått var sommarferien over og tida for å setja snuten nordover for eit halvår i Førde kom. Eg, som nyleg har teke førarkortet, heiv meg i bilen og insisterte på  sjølv å køyra dei fire timane det tek frå Os til Førde. Og med dei to søstrene mine som bærehjelparar, inntok eg Bettenhuset midt i sentrum av Førde.

Der bur eg saman med Jon og Marte, som begge to har vist seg å vera greie folk å ha i hus.

No er vi alt halvvegs i første veke. Og etter alt vi har lært å døma, skulle ein tru vi var langt inne i tredje. I dag byrja vi å produsera radio. Alle vart tildelte lydopptakar og sendt ut i redaksjonen for å finna eit intervjuobjekt. Etter at vi hadde klipt det saman er eg imponert over kor flinke dei andre praktikantane er! Å laga radio var vanskeleg, enkelt, stressande og gøy.

No gler eg meg til i morgon, helga, måndag, neste veke og vekene etter det!