24. juni 2013

Ny språksjef i NRK

– Eg gler meg veldig til å bygge opp jobben som språksjef i NRK. Eg brenn for godt språk og god språkrøkt, seier Ragnhild Bjørge.

Ragnhild Bjørge (36), som var nynorskpraktikant i 2007, er tilsett som språksjef  i NRK. Ho har dei siste seks åra arbeidd som journalist i NRK, mesteparten av tida i nyheitsavdelinga på Marienlyst der ho blant anna har vore reporter, planleggar, vaktsjef og programleiar i Dagsnytt.

Ho har master i nynorsk skriftkultur og mellomfag i statsvitskap, og har dei siste åra vore språkkontakt i nyheitsavdelinga. Ho har vore politisk rådgjevar i Noregs Mållag og var tidleg i karrieren dagleg leiar i Norsk Målungdom.

Les meir: NRK tilset eigen språksjef