26. mars 2015

Ny statusrapport

Den fyrste statusrapporten om NRK Nynorsk mediesenter i 2015 er klar, oppdatert per 26. mars. Per no har vi sendt frå oss 105 nynorskpraktikantar, og 66 % av dei arbeider i media.

To tidlegare nynorskpraktikantar står i fare for å bli nedbemanna på Tyholt, medan andre har fått seg nye jobbar og utfordringar.

Reglane om at nynorskpraktiantane har tre års prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for, har endeleg vorte lette å finne i Personalhandboka til NRK.

Kull 22 er i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og kull 23 er lyst ut med søknadsfrist 15. april.

Du finn meir om alt dette og mykje anna i den 14 sider lange  Statusrapport 26.03.15 (442 downloads) .