Status per. 17.03.17.

Frå venstre: Sigrid Sørumgård Botheim, Aleksander Båtnes, Wibeke Bruland, Ingvild Bryn, Espen Breivik og Snorre Sandemose (Foto: Rune Fossum Lillesvangstu/NRK)
Bilete over er frå turen kull 26 hadde til Marienlyst 1.-3. mars. Her er dei på synfaring i dagsrevystudio saman med nyhendeanker Ingvild Bryn, som er fungerande språksjef i NRK. Vel attende i Førde bar det rett i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og i rapporten kan du lese om kor godt dei leverte alt fyrste veka. Og korleis dei trivst som praktikantar.
I førre rapport, 16.12.16, hadde vi ikkje med alle som fekk fast arbeid i NRK i fjor. To til fekk det før året var ute, slik at totalt sju tidlegare nynorskpraktikantar fekk det i 2016. Det er same talet som året før.
Statusrapport-17.-03.-17-1.pdf (282 downloads)