30. september 2010

Nynorsk er også fint til dikt..

I dag har me hatt besøk av Jan Olav Fretland, førsteamanuensis i norsk. Me har alle på Nynorsk mediesenter eit sterkt forhold til språket vårt. Me er over gjennomsnittet opptekne av korrekte og gode måtar å uttrykka seg på. Jan Olav Fretland har vore med i språkdebatten i Noreg sidan tidleg på 70-talet. Han har […]

I dag har me hatt besøk av Jan Olav Fretland, førsteamanuensis i norsk.

Me har alle på Nynorsk mediesenter eit sterkt forhold til språket vårt. Me er over gjennomsnittet opptekne av korrekte og gode måtar å uttrykka seg på. Jan Olav Fretland har vore med i språkdebatten i Noreg sidan tidleg på 70-talet. Han har skrive bøker, artiklar og held føredrag for leiarar rundt over alt. Han har snakka til byråkratar, statsleiarar, bondelag og samtlege praktikant-kull. I dag var det vår tur.

Me har fått passa våre påskrivne! Me har blitt høyrde i korleis me les. Me har fått retta tekstane til nokre av sakene våre, med raud penn og null slingringsmonn. Me har blitt stilt spørsmål om kva som er rett og galt av dette og det andre. Og me har pugga. Det er verb som er svake på nynorsk og sterke på bokmål. Dei er:

Eg kan dei snart.

Eg sa ingenting om mine Zahlske bøyingsmåtar (på i utgangspunktet svake verb):

Deltaking i ei førelesing er viktig. Me måtte opp og stå, me har lært oss ein ny song. Melodi: «Nisser og dverger»:

«Hankjønn og hokjønn ubestemt fleirtal

endar på -r, det er sikkert og visst

Inkjekjønn omvendt, r-en er bannlyst.

Får du med det, blir du meister til sist»

Denne dagen har vore som balsam for mi sjel. Fretland er ein akademikar av god gammaldags sort, med tørr humor og heilt vanvittig kjennskap til språket. At han har det faglege på det reine, kan ein sjå på merittane hans; han har sete som leiar både i Språkrådet og Mållaget. Fytti rakkaren, så heldige me er som får slike folk til å koma å snakka med oss.

Takk, Nynorsk mediesenter!

Til slutt, kjære landsmenn, vil eg gjerne nemna at Fretland også har kome ei oppfordring som eg vil dela med dykk alle.

«Kjæl med språket!»

Og ten kjærleiken med glede.

Beste helsing

Hilde Matilde