12. november 2012
av Magni Øvrebotten

Nynorsk forum

Sist fredag vart det skipa eit Nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Kva barnet skal heite er ikkje avgjort enno, men det mest nynorske av alle fylka i landet har tenkt å ta den statusen på alvor. Det er på høg tid. Vi har altfor lenge teke nynorsk som sjølvsagt i Sogn og Fjordane, og slett ikkje sett […]

Sist fredag vart det skipa eit Nynorsk forum i Sogn og Fjordane. Kva barnet skal heite er ikkje avgjort enno, men det mest nynorske av alle fylka i landet har tenkt å ta den statusen på alvor. Det er på høg tid.

Vi har altfor lenge teke nynorsk som sjølvsagt i Sogn og Fjordane, og slett ikkje sett på språket vårt som ei merkevare vi kan vere stolte av og syne fram for all verda. Ja, nynorsken må vere svært slitesterk her sidan han har halde seg så stabil, trass i at vi ikkje har teke på alvor den særstoda vi står i språkleg.

I juni vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å skipe eit nynorsk forum, der alle gode krefter, lag og organisasjonar som vil arbeide for nynorsken i fylket vart inviterte med på dugnaden. Sist fredag vart Jan Olav Fretland valt til leiar for forumet, for to år.

Fretland er nestleiar i fylkeskulturutvalet og det finst mest ikkje det språktiltak han ikkje har vore med i. Tidlegare leiar i Noregs Mållag og Norsk Språkråd, og 1.amanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, berre for å nemne noko. Fretland er ein kunnskapsrik og sjølvtrygg nynorskbrukar. Husmannsånda, som rir så mange andre, gjekk han hus forbi. Vi treng fleire slike, i alle aldrar. Vi som møttest på Skei fredag var urovekkande grå i håret.