23. november 2010

Nynorsk kvardag

75 % av elevane ved Valdres vidaregåande skule skifter frå nynorsk til bokmål i løpet av skuletida. Ved Firda vidaregåande skule er det berre 5 % som gjer det. Prosjektleiaren for granskinga i Valdres, Karen Marie Kvåle Garthus, meiner hovudforklaringa er at ungdommane i Sogn og Fjordane har nynorsk kring seg heile tida. I lokalsamfunna sine, og […]

75 % av elevane ved Valdres vidaregåande skule skifter frå nynorsk til bokmål i løpet av skuletida. Ved Firda vidaregåande skule er det berre 5 % som gjer det.

Prosjektleiaren for granskinga i Valdres, Karen Marie Kvåle Garthus, meiner hovudforklaringa er at ungdommane i Sogn og Fjordane har nynorsk kring seg heile tida. I lokalsamfunna sine, og ikkje minst i media.

Spørjegranskinga i Valdres vart gjort i november 2009, som ein del av prosjektet Målstreken, sett i gong av Valdres Mållag og Noregs Mållag. Det er eit treårig tiltak, som har som målsetting å motivere elevane til å halde på nynorsk som hovudmål. Granskinga ved Firda vidaregåande skule er gjort nyleg.

No skal det seiast at Firda på Sandane truleg er den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane som er mest medvitne på å gjere elevane  stolte av språket sitt, og sjå på nynorsk som eit allsidig bruksspråk, brukande til alt. Fleire nynorskpraktikantar frå fylket har sagt at dei «redda nynorsken» sin med å gå vidaregåande på Sandane.

Det er samansett kvifor det er slik. Firda vidaregåande skule har klart å halde på det beste frå den tida dei var landsgymnas, eit ærverdig såleis. Dei var rake i ryggen dei som sa dei hadde gått der. Dessutan har dei ei kjerne av målmedvitne lærarar, som ikkje er redde for å ta eit standpunkt i målstriden, og fortelje kva den handlar om. Og i tillegg er nynorsk naturleg i Gloppen kommune. Det er narraktig om nokon der trur dei må lyse på bokmål for å få selt varene sine. Slik er det ikkje over alt, heller ikkje i Sogn og Fjordane.

Kva haldningar foreldre og lærarar gjev vidare er ofte vere avgjerande for kor trygge ungane vert i sitt eige språk, og der trur eg mange av oss undervurderer føredømets makt. Eller er likegyldige, det er ikkje så viktig. «Språket utviklar seg same kva vi gjer», er ofte orsakinga ein brukar. Vil vi at ungane våre skal bli trygge språkbrukarar vert det for slapt. Dei treng engasjerte foreldre og lærarar, der som elles.

Vi manglar kunnskap om grunnane til målbyte i skulen. Det er ikkje forska på det her i landet. Difor er undersøkinga Valdres Mållag gjennomfører så viktig, også nasjonalt. Og hin dagen høyrde eg i radioen at Valdres vidaregåande og Firda vidaregåande skulle samarbeide, og ta lærdom av kvarandre på dette feltet. Det er ein av vegane å gå for at fleire skal få språkleg sjølvtillit nok til å vere nynorskbrukarar heile livet.

Og så skal NRK Nynorsk mediesenter putle på og lære opp nynorskbrukande journalistar til NRK Super, Dagsnytt, NRK P3, Kulturnytt, RadioSelskapet, Dagsrevyen, P4, TV2, osv.  Vi har enno ikkje hatt ein einaste nynorskpraktikant frå Valdres!